top of page

Murskadar: Trendar og årsaker frå SINTEF sitt arkiv

  • for 6 døgn siden
  • 3 min lesing

Typisk oppsprekking av lettklinkermurverk på grunn av svinn- og temperaturbevegelsar i murverket. Etter innføring av nytt pussystem er denne type oppsprekking ikkje registrert i SINTEF sitt byggskadearkiv. Foto: SINTEF Community.

 

SINTEF sitt byggskadearkiv er ei viktig kjelde til kunnskap om byggskadar i Norge. Vi har gått gjennom arkivet med mål om å studere utvikling av murskadar i perioden 1983-2022. Oppsprekking på grunn av svinn og temperaturbevegelsar i lettklinkermurverk er i dag så godt som borte. Også omfanget av frostskadd teglstein er tydeleg redusert. Derimot er fuktopptrekk frå grunnen på grunn av meir nedbør og kraftigare regnskyll ein aukande skadeårsak i følgje arkivet.

 

Tore Kvande

Institutt for bygg- og miljøteknikk


Lars Gullbrekken

SINTEF Community

 

SINTEF har sidan 1960-talet analysert byggskadar, både på oppdrag for byggenæringa og gjennom omfattande feltundersøkingar. Fordelen med SINTEF sitt arkiv er at skadesakene er grundig undersøkte. Kvar rapport inneheld vanlegvis byggeteikningar, fotografi av skaden, detaljert beskriving av utført byggearbeid, ei liste over involverte, relevante målingar og analyser, data om klimaeksponering, ei grundig undersøking av årsakene til skaden og eventuelt forslag til reparasjonsstrategi. Arkivet gir dermed eit unik grunnlag for å lære om byggskadar. Arkivet er derimot ikkje omfattande nok til å gi eit rett bilde av den samla byggskadesituasjonen i Norge.

 

Murskadeanalyse

Vi har i denne studien sett nærmare på utviklinga av murskadar i SINTEF sitt byggskadearkiv. Studien er ei oppfølging av eit tidlegare arbeid der vi såg på typiske skadeårsaker for 20årsperioden 1983–2002. Vi har no gått gjennom den siste 20årsperioden (2002–2022) og sett på endringar. Totalt omfattar byggskadearkivet 511 murskaderapportar med til saman 994 identifiserte skadeårsaker frå dei 40 åra. Tabellen under beskriv skadeårsaker og viser omfang og utvikling av dei ulike skadane.

 

Murskadeårsaker. Fordeling av murskadar etter skadeårsak i prosent av det totale talet på skaderapportar (511 stk.). Oversikta viser perioden 1983–2002 mot 2003–2022.


Skadeårsak

Forklaring

1983–2002[% av total]

2003–2022[% av total]

Svinn- og temperaturbevegelsar

Manglande elastiske fuger, manglande glidesjikt mellom murverk og fundament, spenningskonsentrasjonar, låsing av murverket mot andre konstruksjonar.

20

7

Mangelfulle beslag mot nedbør

Mangelfulle dør-, vindus- og gesimsbeslag, manglar med nedløpsrøyr og takrenner, manglar ved dør-/vindusinnsetting.

15

14

Manglar med regnskjermen

Utette mørtelfuger, manglar med pussbehandlinga.

15

12

Manglar med malingssystemet

Uheldig malingsval, for damptett maling

11

7

Låg bestandigheit teglstein/blokk

Låg frostmotstandsevne til tegl eller mørtel, sulfatskadar i lettklinkerblokk.

10

5

Mangelfull drenering av veggen

For smal luftespalte, mørtelbruer mellom mura vange og bakvegg, manglande drensåpningar i botn av veggen.

7

4

Utilstrekkeleg samvirke

Mangelfullt samvirke puss/underlag, svak heft mørtelfuger/stein.

6

6

Armeringskorrosjon

Korrosjon på fugearmering eller trådbindar

5

3

Underdimensjonering

Manglande forankring til bakvegg, låg bereevne, jordtrykk og overlast.

5

4

Setningar

Setningsskadar, grunnforhold.

4

2

Fuktopptrekk frå grunnen

Kapillæroppsuging, mangelfull drenering rundt bygget.

4

8

Estetiske problem

Organisk vekst, utilfredsstillande farge- og strukturvariasjonar, saltutfellingar utan skadar på sjølve murverket

2

5

Saltsprenging

Saltutfelling har gitt avskalingar av puss eller stein/blokk

2

1

Kuldebruer

Varmetap, kondensering, sverting, misfarging

2

3

Slutt på svinnsprekker

På grunn av problemomfanget med svinnsprekker i lettklinkermurverk utvikla Optiroc (seinare Weber) fiberpuss med nettarmering som pussbehandling for lettklinkermurverk. Produktet vart lansert i 2002 og er ein kalk/sementpuss med større fleksibilitet for svinn- og temperaturbevegelsar i murverket. Fleire produsentar har no liknande system. Dei nye pussystema ser i følgje SINTEF sitt byggskadearkiv ut til å ha nærmast eliminert problemet med oppsprekking på grunn av slike bevegelsar.

 

 

Meir bestandig teglstein

Tidleg på 1990-talet vart lyse teglsteinar i gule og rosa nyansar veldig populære. For å få dei lyse teglkvalitetane er det vanleg å tilsette kalk til leira. Produksjonen gav gjerne teglsteinar med høgare porøsitet enn dei vanlege raudbrente teglkvalitetane. I starten hadde ikkje alle produsentane god nok kontroll på frostmotstandsevna til steinane, og vi fekk fleire teglprosjekt med omfattande skadar. I dag ser det ut som teglprodusentane har fått god kontroll på produksjonen. I alle fall har vi færre slike skadesaker i SINTEF sitt arkiv.

 

Murverk av gul teglstein med høgt minuttsug frå midten av 90-talet. Det er typisk at frostskadar oppstår der fuktpåkjenninga er størst som her mot parapetbeslag, men også nede mot terreng, langs utvendige hjørne og under vindauge. Foto: SINTEF Community.

 

Effekt av klimaendring?

Fuktopptrekk frå bakken og estetiske utfordring i form av begroing på murfasadar ser ut til å ha auka dei seinare åra. Skadearkivet har fått fleire slike saker som delvis er forklart med varmare klima med meir nedbør og mindre kontroll på overflatevatnet. Omfanget av saker i skadearkivet er derimot for lite til at vi kan slå fast dette som ein tydeleg trend.

 

Generelt gjeld framleis at det er fukt som er den store utfordringa for murverk i Norge og at relativt små feil gjerne får store konsekvensar.

Begroing av messinglav på nordvendt slemma teglfasade. Foto: SINTEF Community.

 
 
 

Kommentarer


bottom of page